Den som legg turen til Rabben Feriesenter og er innom resepsjonen, vil merka seg den fine salsutstillingen av handstrikka geneserer. Tove Heggøy har strikka sidan ho var lita jente. I 17 – 18 års alderen tok det heilt av. Dei siste 20 åra har ho strikka, vore på messer og gjort det til ei lita attåtinntekt. Prisen er ikkje vond. Ein vaksengenser går for mellom kr. 1 200,- og 1 500,-. Med kvalitetsgarn frå Sandnes og alt gjort for hand, er dette eit godt kjøp å rekna.

Mykje fint for sal i resepsjonen på Rabben Feriesenter.

I kiosken finn vi både genserer for vaksne og for born. Det er bærmotiv i ulike fargar, slik som blåbærgenser, bringebærgenser og moltegenser. Tove brukar i overkant av to veker på ein vaksengenser, nokre dagar på ein barnegenser. Ho strikkar også pusegenserer, kalla Siena m/ korte armar og Novise genser og jakker. I vareutvalet finn vi også heimelaga smykker og lykter.

Før var Tove med på mange messer. No avgrensar ho seg til ei messe i året. Det meste vert seld i kiosken på campingen.

Interesserte kan ta kontakt med Tove Heggøy på mobil 911 01 749. Opningstida er: kl. 09 – 13 og kl. 16 – 20 no i påskehelga. Eller du kan ta direkte kontakt og Tove vil vera på plass.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal