Av bransjefolk er Han Herman (21) kalla musikk-Norges best bevarte hemmeleghet. Musikken er hylla som «sensasjonell» (P3), og «nesten legendarisk» (VG). Han har ei stemme av internasjonal kvalitet, og dei
sterke poplåtane viser ei enorm rekkevidde. Mindre enn eit halvt år etter debuten har Han Herman alt etablert seg som eit av Noregs mest spennande stjerneskudd.


Musikkmeldarane har lovprist dei tre fyrste singellåtane. «Du verden, for en stemme» skreiv Jon Vu-Yen Nguyen i P3s Best Akkurat nå»-spalte, og kalla «A Garden Song» for ein sensasjonell fyrstesingel. “Nesten legendarisk” skriv VGs Tor Martin Bøe om neste singel, «Coming Out For You». VG meinte at stemma er til å bli slått i bakken av, og at Han Herman på alle måter er ei kommande stjerne.


Som låtskrivar er Han Hermans varemerke hans leikne evne til å ikkje sitja fast i ei bestemt form – men tvert imot å kunna overraska lyttarane med kvar ny utgjeving. Tredjesingelen «Howl» er ikkje noko unnatak, og låta er no på B-lista på P3 og P13. På P3 er Han Herman fleire gonger omtalt som ei blanding mellom Harry Styles og Ed Sheeran.

Tekst: Utdrag og redigert frå presseskriv
Foto: Pressefoto
Nett: Kristian Bringedal