Skråningen mot den nyss gruslagde tur- og kyrkjevegen på utsida av kyrkjegardsgjerde er berre delvis hama og stelt. Graset på den delen som går ned mot Båtlaget sin plen, er slege. Strekninga på langsida mot Båtlagshuset ser ikkje bra ut. Det er høgt gult gras. Arealet må vera sprøytt. Ansvarsfordelinga mellom kyrkja og Uskedal Båtlag verkar uklar, alt etter kven vi snakkar med. Så langt uskedalen.no har kjennskap til, er det kyrkjekontoret med sine arbeidarar som skal slå og stella denne skråningen. Uansett: Det verkar noko rart og uferdig å la graset stå slik det gjer i dag, særleg når kyrkjegarden og område rundt er velhalde og fint.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal