Vermeldingane for morgondagen, 2. pinstidag, er slett ikkje lystelege. Dermed må hagekonserten med Hilde Selvikvåg, som er tillyst, flyttast under tak. Det er eit godt altenativ, og det som kunne blitt ein uforgløymeleg hagekonsert i vakre omgjevnader på Rødtunet, blir i staden ein svært koseleg intimkonsert med den dyktige artisten i kysthistoriske lokale. Vertskapet fortener ros for det flotte tiltaket, og dei melder at det framleis er mogeleg å få kjøpt billettar. Frå arrangørhald har vi motteke følgjande pressemelding.

Det blir nok ein skikkeleg koseleg stemning når Hilde Selvikvåg har konsert i desse lokala på 2. pinstidag.

Vêrgudane har dessverre ikkje spelt på lag når det gjelder hagekonsert i Rødtunet med Hilde Selvikvåg. Eit veldig godt alternativ når regnet vaskar Uskedalen i morgon kveld, er Bøkkeren i Rødsvågen. Vi fyrer i peisen og serverer bålkaffe, rabarbra kake og hylleblomst drykk. Konserten startar kl 19.00 men vi har fyr på bålet frå kl 18.30.Har du ikkje sikra deg bill. er det fortsatt mulig å sikra seg via link;https://www.linticket.no/page/no/20/551/8760Det er parkeringsmuligheter ved kverna på Rødtunet, nede ved hovudvegen til oppkjørsel Uskedalsvegen 319+ ein god del ledige plassar nede ved Bøkkeren(oppe ved hovudvegen).

💫🎶Vi gler oss veldig til intimkonsert ved fjorden 💫🎶

Tekst: Siv Framnes/ Thor Inge Døssland
Foto: Siv Framnes
Nett: Thor Inge Døssland