Vi har gleda av å invitera til hagekonsert på Rødtunet i Uskedalen 2. pinsedag. Den 29. mai, kl. 19.00 kjem Hilde Selvikvåg og Eirik Stakkeland. Dette vert ein intim konsert av dei sjeldne på Bygdetunet Rød. Ettersom dette er ein hagekonsert vil vi nytta bakkane rundt tunet og det er
ikkje sikkert vi kan stilla med stolar og benker til alle. Fint om de tek med eit lite sitje underlag. Vi håpar vèrgudane spelar på lag med oss denne kvelden. Hvis ikkje, har vi ein plan B med Bøkkerverkstaden som eit alternativ. Vi har sett eit «tak» på 70 personar. Her er det fyrstemann
til mølla prinsippet. Vi oppmodar bygdefolket til å parkera bilen heime denne kvelden og heller ta ein rusletur via Rødstien eller ta beina fatt dei 2,5 km.

Hilde Selvikvåg har med sin fengande musikk på klingande jærdialekt etablert seg som eit stort låtskrivertalent og ein folkekjær artist. I 2015 slapp ho debutalbumet Slepp meg fri som blei nominerttil Spellemannsprisen. Deretter kom gjennombruddslåta “Karusell” som gjekk rett inn på A-lista til
NRK P1, og sidan har ho ikkje sett seg tilbake. Så langt i karriera har ho blitt lista med heile 8 spor på NRK P1/ P3, og har her markert seg som ein
av Norges mest spelte norskspråklege artistar. Med sin klokkeklare stemme har ho sunge seg inn i mange hjarter og vist at ho er ein unik artist som våger å gå sine eigne veger. 


Hilde Selvikvåg er ein nyskapande artist, og har vist ei stor evne til å byggja eigne idear og konsept. Sommaren 2021 slapp ho sin aller første hageturné, den einaste av sitt slag i Norge. Ho posta eit innlegg på sosiale medier for å høyra om nokon kunne tenka seg å tilby hagen sin som konsertstad, og responsen var overveldande. Så langt har ho spelt nærmare 90 hagekonsertar over heile landet, og har turnert alt frå små rekkehushagar i byane til store gardar ute på landet. Publikumsinteressa har vore enorm og veks seg stadig større. Det er kanskje ikkje så rart, for Hilde Selvikvåg har ein eigen evne til å sjarmera og bevega publikum. Ektefølt og nært formidler ho tekstane sine slik som berre ho kan, og framkaller latter så
vel som tårer med ein varme og tilstedeværelse av dei sjeldne. 


Velkomne skal de vera! Konsertbill. kan tingast på nettsida;
https://www.linticket.no/page/no/20/551/8760

Teskt/foto: Siv Framnes - pressemelding
Nett: Kristian Bringedal