På vegne av Uskedalen Aktivitetshus AS vil vi både gratulera Gunvor med 80-årsdagen og takka henne for lang og tru teneste for Aktivitetshuset. Gunvor har tidlegare hatt styreverv i Aktivitetshuset og var også ein viktig pådrivar for at huset vart realisert den gang dette skjedde. Seinare har Gunvor vatna blomane i vestibylen kvar veke, samanhengande i over 20 år.Tusen takk for ditt engasjement og støtte i alle desse åra. Vi ynskjer denne spreke dama til lykke med årmålsdagen.

Med vennegjeng helsing,
Styret i Uskedalen Aktivitetshus AS.

Tekst/foto: Per Korsvoll
Nett: Kristian Bringedal