Gunn Mari Moberg - ny leiar i Uskedal Utvikling. Eva Reime Ljosnes og Janicke Myklebust går inn i styret.
Gunn Mari Moberg er vald til ny leiar i Uskedal Utvikling. To styremedlmer er nye. Det er Eva Reime Ljosnes og Janicke Myklebust. Dei andre gruppene held fram med sitt arbeid. LivOGlyst, som kan syna til stor aktivitet i 2023, held fram ut april. Då er det slutt. Årsaka skal vera lita interesse og manglande oppsluttnad i arbeidsgruppa. Pål Haugland frå Dugnadsgruppa la fram ei omfattande melding. Det same vart gjort frå nettsida uskedalen.no og frå Kafe Tiaren. Styret har jobba med Gamleskulen og uteområde. Bilete: Dei andre i styret var ikkje til stades då bilete vart teke.
Styret er:
- Gunn Mari Moberg – leiar, vald for 1 år
- Remi Onarheim – nestleiar/kasserar, vald for 2 år
- Eva Reime Ljosnes – styremedlem, vald for 1 år
- Janicke Myklebust – styremedlem, vald for 2 år
- Steinar Kroka – styremedlem, vald for 1 år
- Berit Harriet Døssland – varamedlem
- Oddbjørn Kroka – varamedlem
- Egil Myhre – varamedlem
Revisorar: Hans Reidar Kjærland og Klara Bakke
Valkomite: Oddbjørn Kroka og Egil Myhre.
Meir frå årsmeldinga kjem i eige innlegg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal