Gull og sølv til Hjønnevåg i NM sjømat 2023.
I dag fekk Hjønnevåg gladmeldingar frå Trondheim og Sjømatbedriftene. Hjønnevåg har henta heim 2 medaljer i NM Sjømat 2023. Det blei 1. plass og gull i konkurransen for fiskepudding og 2. plass og sølv i konkurransen for fiskekaker. Marit Hjønnevåg, dagleg leiar, er stolt over dette gode resultatet og gler seg til å reisa til Trondheim i august for å motta medaljane. Marit Hjønnevåg fortel i ei pressemelding at det er spesielt kjekt å vinna med deira gode tradisjonsprodukt i ein hard konkurranse med andre produkt. Marit er stolt over arbeidarane sine som gjer ein god jobb kvar dag for å laga livsglad mat frå havet. Ho er glad for kvar kunde som kjøper Hjønnevågprodukt.
NM i sjømat er ei årleg hending i tidsperioden 26. til 30. april. Konkurransen er lagt til NTNU i Trondheim, bak lukka dører. Ein profesjonell jury vurder dei ulike produkta.
Fiskematprodusenten Hjønnevåg er tidlegare tildelt medaljar for fleire av produkta sine som fiskepudding, fiskeburger og fiskekaker. I fjor fekk verksemda to gullmedaljar, i klassen pudding og i klassen varmrøykt laks.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hjønnevåg