Fleire utøvarar med ganske så mykje uskedalsblod i årene gjorde svært sterke prestasjonar under NM i friidrett som blei arrangert i Kristiansand i helga med vel 450 deltakarar. Dette blei toppa av Ingar Bratseth-Kiplesund som vann gull i både lengde og tresteg, men sleggetalentet Håkon Eik Litland låg ikkje langt etter! Han tok sølv etter Eivind Henriksen som tok sølv i OL tidlegare i haust. På bildet over ser vi den doble norgesmeisteren saman med foreldra og bestemor Margot Haugland. Det blei tatt då han ferierte på Haugland etter NM-gull i 2016.

Ingar Bratseth-Kiplesund er barnebarnet til Margot og avdøde Hilmar Haugland, og han har dei siste åra vore den beste lengdehopparen i landet. For to år sidan sletta han Kristen Fløgstad sin legendariske norgesrekord frå 1973 då han hoppa 8,10m. Fredagens vinnarresultat blei 7,73m. Laurdag fulgte nygifte Bratseth-Kiplesund opp med å vinna ein ny gullmedalje i tresteg då han vann øvinga klart med 15,51m. Trønderen representerer no sportsklubben Vidar.

Sigerspallen i slegge, Håkon Eik Litland(nr.2), Eivind Henriksen(nr.1) og Evald O. Devik(nr.3). (Foto: Privat)

Det var ikkje berre Ingar som gjorde det sterkt av “Uskedals-deltakarane”. Håkon Eik Litland, barnebarn til Liv og Audun Eik, har lenge vore eit stort talent i slegge i tillegg til vektløfting der han har norgesrekord og er NM-vinnar i sin klasse. I NM slo han til og sette ny personleg rekord med 63,61m. Berre sølvvinnaren frå OL, Eivind Henriksen, klarte å straffa det, og dermed blei det sølv og nest øverste trinn på sigerspallen til unge Hitland og jubel både på Kjærland og i klubben hans Laksevåg TIL.

Unge Synne Eikeland frå Sandnes, barnebarn til Inger og avdøde Leif Haugland, og tremenning til Ingar Bratseth-Kiplesund, kvaifiserte seg til finalen på 400m hekk. Der gjorde ho eit godt løp, kom i mål på 62.97 og det heldt til ein flott 6.plass. Det blir spennande å følgja talentfulle Synne også i åra framover.

Vi gratulerer alle tre med framifrå NM-innsats!

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.