Friluftsgudstenesta på Skorpo sist sundag vart noko meir enn det vi er vane med. Nils Rainer Vågen er student på Griegakademiet i Bergen med trombone som hovudinstrumnet. På sundag synte han fram ein serpent, eit instrument forma som eit røyr med seks hol. Serpenten er på mange måtar likt eit bukkehorn.

Nils Rainer fortel til uskedalen.no at instituttleiaren på Griegakademiet fann fram instrumentet og let han låna det for øving og for å tileigna seg kunnskap om funksjonen og det historiske.

Serpenten vart teken i bruk på slutten av 1500 talet i Frankrike. Instrumentet har traisjonelt vorte brukt til å dobla bassrøystene i eit kyrkjekor. På 1700 talet dukka det opp i militærmusikken i Europa.

Instrumentet er som sagt eit røyr med seks hol til fingrane. Med grep og blåseteknikk endrar han lyden og toneleie.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal