Uskedal Friluftslag er klar for oppstart av steg 2 – turveg i Skårhaug. Før det er det grøfting og drenering. Mykje vatn har til tider vore ei plage på grøntareale ved tribuneanlegget, plassen der ein slår plassen med plenklyppar. No vert alt overflatevatn og vatn i grunnen samla og ført ned i kumme ved kommunevegen. Haugland Maskin gjer jobben. Audun Eik og Tormod Myklebust frå styret var med, med grafsa og spade. Det vert sett ned gren for seinare påkoplingar. Når ein fyrst er på plassen vil ein prøva å kopla på ei sidegrein frå arealet på oppsida av Bedehuset.

Grøft og drenering på Stemneplassen.
Audun Eik og Tormod Myklebust frå styret er kjende på plassen og er her med på dugnad.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal