Grenda sin adventskalendar er kvar dag innom ulike firma i Kvinnherad. Tidlegare har dei vore hos Gros Blomster, Spar Uskedalen og Zjakk frisørsalong. I dagens “luke” er dei på besøk hos Elins Matgleder på Vertshuset Perla. Journalist Marthe Eide intervjuar innehavar Elin Enes, og vi får mellom anna tips om korleis vi får sprø svor på ribba og eit lurt triks når vi skal dyppa konfekt i sjokolade for å få sjokoladetrekk utan for mykje grising.
Som vanleg blir innslaget avslutta med eit spørsmål, og Elin gir dokka på bildet som premie til den som blir trekt ut som vinnar. De kan sjå innslaget og få spørsmålet HER.

Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland.