Lokalavisa Grenda har ein kjekk adventskalendar der dei besøker ulike butikkar i kommunen, intervjuar betjeninga som avsluttar med å komma med ei oppgåve til lesarane. Vinnaren som blir trekt ut får ein fin premie fra butikken.
Først ute var Sport1 Rosendal der Camilla Hjelbakke Richarden blei intervjua og kom med oppgåve. I går var dei på Halsnøy, og i dag var turen komen til julebutikken til Gros Blomster. Marthe Eide i Grenda intervjua innehavar Gro Hjelmeland om førjulstid, tradisjonar, og alt det fine som er i butikken.
Til slutt kom Gro med ei oppgåve relatert til blomar i jula. Vinnaren får ein flott dekorasjon som dei dyktige dekoratørane(blidet over) hos Gros Blomster har laga. Eg skal ikkje røpa oppgåva. De kan sjå innslaget og få oppgåva ved å klikka HER.

Eg har levert svar og lever i spenning til i morgon!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland