Rosendal Skulekorps og Uskedal Skulemusikk har i dag delteke i Hordablesten i Grieghallen. Rapportane frå spelinga tidlegare i dag var at dei hadde spelt veldig bra, og dei var godt fornøgde. Dette var tydlegvis dommarane også enige i. Då resultata blei kunngjort på festkonserten no i kveld, kom dei på ein nydeleg 5. plass i 3.divisjon. Dei fekk flotte 91 poeng. Det var heile 13 korps som var med i den divisjonen. Eg er heilt sikker på at dei unge musikarane, dirigentane og resten av heiagjengen følte spenninga då dei les resultata frå sisteplass og oppover. Vi gratulerer mykje!! Dette var kjempekjekt og understrekar den flotte utviklinga musikarane har hatt denne sesongen. Bildet er frå generalprøven i Aktivitetshuset på tirsdag!

Tekst, foto og nett; Thor Inge Døssland