Også Nils Rainer og Sagvåg på 2. plass.

Resultata i 4. divisjon i Siddis Brass er nett komne, og Rosendal Musikklag fekk ein flott 2. plass. Berre Salhus/Hordvik Musikklag kom føre dei på resultatlista. Begge korpsa fekk 10 på programvalet sitt, Salhus/ Hordvik fekk 2 poeng meir på framføringa, 93 mot 91. Kornettisten Mathilde Liljebäck frå vinnarkorpset vann solistprisen. Fitjar Musikklag kom på 3. plass poenget bak Rosendal. Vi gratulerer Rosendal med flott resultat, og denne sofasitjaren kan skryta av førehandstipset sitt.

Også Sagvåg Musikklag med Nils Rainer Vågen i rekjene sine gjorde det godt då dei blei nr. 2 i 2. divisjon med 96 poeng for framføring og 10 poeng for program. Tysnes Musikklag blei nr. 8 i 1. divisjon. Eikanger/Bjørsvi vann elitedivisjonen føre Stavanger Brass Band og Kleppe Musikklag.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Monica Hermann