I perioden 1. mai til 1. september vert 8 uskedalslag tilført kring kr. 60.000,- frå Norsk tipping – Grasrotandelen. Uskedal Idrettslag toppar lista med knappe 30.000 kroner. Deretter finn vi Uskesal skulemusikk ( kr. 10.630,- ) og Røysterett for Alle ( kr. 5.1783,- ) Norsk Tipping tilbakefører heile overskotet til samfunnsnyttige føremål. Ved å bruka Grasrotandelen vert 7 % av det du tippar lagt til den organisasjonen du har valt ut og registrert. Det er ein føresetnad at organisasjonen er registrert i Frivilligregisteret. Målet er å fremja frivillig arbeid på lokalt nivå. Bilete syner Uskedal skulemusikk – ein god nummer to på tildelingslista i Uskedalen. Les meir om dei andre laga som er på lista:

  • Uskedal Ungdomslag
  • Uskedal Helselag
  • Uskedal Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Musikklag
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto