163 lag og organisasjonar i Kvinnherad tek del i Grasrotandelen frå Norsk Tipping. Ni av dei har adresse Uskedalen. I perioden januar – april er det utbetalt i overkant av kr. 60.000,- til desse ni laga. Uskedal Idrettslag toppar tildelinga med kr. 29.595,-, så kjem Uskedal Skulemusikk med kr. 11.176,-. Idrettslaget er registrert med heile 124 gjevarar, Skulemusikken med 61 gjevarar. Røysterett for Alle kjem på 3. plass. Lagslista kjem under.

Uskedal skulemusikk er eit av dei ni laga frå Uskedalen med tildeling frå Grasrotandelen.
  • Uskedal Idrettslag
  • Uskedal skulemusikk
  • Røysterett for Alle
  • Uskedal Ungdomslag
  • Festidalen
  • Uskedal Helselag
  • Uskedal Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Musikklag

Neste tildeling kjem 1. september.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Grenda