Av totalt kr. 890.000,- av midlar frå Grasrotandelen til Kvinnherad går vel kr. 60.000,- til lag og organisasjonar i Uskedalen. For å ta del i overskotet frå Norsk Tipping må ein vera registrert i Frivilligregisteret i Brønnøysund. Så må det vera tipparar som har ført inn kva organisasjon ein vil støtta lokalt. Uskedal Idrettslag toppar lista i Uskedalen med kr. 30,788,- og 126 tipparar. Midlane er frå perioden 1. mai til 31. august. Bilete syner Stemneplassen i Uskedal Friluftslag si eige.

Dei andre laga i Uskedalen med tildeling i prioritert rekkjefylgje er:

  • Uskedal Skulemusikk
  • Røystrett for Alle
  • Uskedal Ungdomslag
  • Festidalen
  • Uskedal Helselag
  • Uskedalen Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Musikklag
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Grenda
Foto: Hans Ordin Østebø