No blir det arbeid med Liv OG Lyst!

– Eg kjenner det boblar, dette blir kjekt, blei sagt av ein av dei frammøtte på oppstartmøtet til Liv OG Lyst-prosjektet som var i Gamleskulen onsdag kveld. Eg trur denne uttalen beskriv forventningane, og lysta til å gå i gang med dette prosjektet som vil gjera det endå trivlegare å bu i Uskedalen. Det er lenge sidan Uskedal Utvikling har hatt eit møte med tilsvarande frammøte og positiv entusiasme. Det er Uskedal Utvikling som står bak prosjektet lokalt, og dei har fått løyvd 80.000 kr frå Vestland Fylkeskommune dette året, og første året blir i hovudsak brukt til planlegging og innsamling av ønskje frå eit breitt lag av bygdefolket, frå unge til eldre. Det tre påfølgjande åra kan ein rekna med 130.000 kr frå fylkeskommunen pluss om lag 30.000 kr frå kommunen til gjennomføring av tiltak. I tillegg går det sjølvsagt an å søkja midlar i tillegg frå anna hald. Det har vore gode erfaringar med Liv OG Lyst-prosjektet andre stader, mellom anna på Hatlestrand/Ølve, og det var tydeleg på møtet at ein såg gode muligheter her i Uskedalen og. Etter møtet hadde eg ei kjensle av at dette kjem til å resultera i positive resultat. På bildet over ser vi i underkant av halvparten av dei vel 20 frammøtte.

Gunn Mari Moberg og Egil Myhre frå styret i Uskedal Utvikling og Steinar Haugland, alle tre svært sentrale i oppstarten av det positive Liv OG Lyst-prosjektet.

Det var Gunn Mari Moberg frå styret i Uskedal Utvikling som ønskte velkommen og orienterte om UU si rolle i prosjektet og arbeidet deira elles. Ho gav vidare ordet til Steinar Haugland som greidde ut om bakgrunnen for søknaden før han gav ei innføring i Liv OG Lyst-prosjektet, arbeidsforma, målet med prosjektet og erfaringane frå andre stader som t.d. Hatlestrand/Ølve og Øystese.
Det kom også mange innspel frå dei frammøtte, og det var tydeleg at det var stor tru på prosjektet. Det er no viktig at resten av bygdefolket sluttar opp og kjem fram med sine ønskje om prosjekt som bør arbeidast fram dei komande åra. Arbeidet vil bli styrt av ei prosjektgruppe, truleg på 8-10 personar, og i første omgang er det viktig at dei går breitt ut og hentar innspel frå bygdefolket. Det blei nemnt at dette bør gjerast gjenom t.d. spørjeundersøking, stort bygdemøte og gjennom kontakt med skuleelevar gjennom skulen.

Først blir det no eit tilsvarande møte som i går den 15.februar der ein går vidare i førebuinga. Til det møtet vil dei også invitera Karen Løvfall Våge som har Liv OG Lyst innanfor sitt ansvarsområde i Kvinnherad Kommune. Då blir det etablert ei styringsgruppe for prosjektet Etter det blir det så truleg spørjeundersøking og bygdemøte der ein håpar på mannjamnt frammøte. Etter kvart vil det bli etablert ulike undergrupper som vil arbeida med ulike positive tiltak for livet i bygda.

Det var kjekt å oppleva entusiasmen på oppstartmøtet. No er det berre å håpa at denne positiviteten føl prosjektet vidare. Dette trur eg vil bli veldig kjekt å bli med på. Eg trur arbeidet vil gå med Liv OG Lyst!!

UU sytte for servering av både kaker, twist og frukt til kaffien.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland