Magne Huglen fortel til uskedalen.no at det er godt billettsal til påskedansen på Dønhauglåven, onsdag før Skjærtorsdag. Alle billettane vert selde på nett og det vert ikkje sal i døra. Slik har det vore dei siste åra og det fungerer fint. I dei to åra med Covid 19 har det ikkje vore låvedans på Dønhaug. Gunsingers er eit populært danseband som alltid samlar mykje folk. Bandleiaren, Frode Måkestad, er frå Kvam. Musikarane kjem frå ulike plasser i fylket. Gunslingers har vore fast gjest på Dønhaug dei siste 10 åra.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto