Magne Huglen fortel til uskedalen.no at det er godt billettsal til påskedansen på Dønhauglåven, onsdag før Skjærtorsdag. Alle billettane vert selde på nett og det vert ikkje sal i døra. Slik har det vore dei siste åra og det fungerer fint. Gunsingers er eit populært danseband som alltid samlar mykje folk. Bandleiaren, Frode Måkestad, er frå Kvam. Musikarane kjem frå ulike plasser i fylket. Gunslingers har vore fast gjest på Dønhaug dei siste 11 åra. Bandet har kome med nye plater den siste tida. Meir informasjon om billettar: Sjå Dønhaug Gjestegard eller Gunslingers på FB.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto