Etter at det har vore nokre gonger med litt labert frammøte på Kafè Tiaren etter at den starta opp att etter koronapausen, var det i dag god gammal stemning på den populære tirsdags-kafèen. Dette må nok allsongen leia av Kristian Bringedal og Svein Rimestad ta sin store del av æra for. Fellessong av kjekke og kjære songar under god leiing skaper alltid god stemning.
Etter planen skulle heile trioen Rustne Menn vore med, men bassist Tore Nordal Pedersen hadde ein særs god grunn for forfall då det dukka opp ting dagen før. Som bassist veit eg kor viktig det instrumentet er i alle samanhengar, noko også Kristian understreka innleiingsvis. Eg må berømma dei to trubaturane kor godt dei kom frå det utan denne “grunnmuren”, og dei leia allsongen på ein særs stødig og hyggeleg måte!

Kristian Bringedal slår til med solistinnslag på trekkspelet i Sputnik sin velkjende Zansibar med Svein Rimestad som smilande og stødig komp på gitaren.

Den gode halvtimen økta varde, blei det sunge mange velkjende slagerar frå allsongheftet til Rustne Menn med tittelen Syng med. Vi har innom både Sputnik, Halvdan Sivertsen, Ivar Medås, Svein Rimestad, Erik Bye, Herbjørn Sørebø, Johannes Kleppevik og fleire før songøkta blei avslutta med Blowing in the wind. Normalt er det siste tirsdagen i månaden det er allsong på kafèen, men det avvik ein frå no i ferietida. Frå august rekna dei med å vera i rute igjen, men det hadde no vore veldig kjekt med ei allsongøkt før siste tirsdag i august!!

På kjøkkenet styrte denne gongen Dina Nordal Pedersen, Selma Eik og Berit Harriet Døssland, tre av dei om lag 20 som har denne oppgåva på omgang. Dei baud på rundstykke med assortert pålegg og Selma sine gode og velkjende melkekaker til kaffien.

Kafè Tiaren er ein svært triveleg plass å møtast. Oppfordringa blir: Ta turen til Gamleskulen neste tirsdag!

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland