Det var heller glissent med folk på koronakafèen i Gamleskulen første timen i dag. Men då klokka passerte 11.30 seig det på godt med folk, og vipps så var publikumstalet tredobla, og det var godt med folk i lokalet. Årsaka til dette var at det skulle vera allsong leia av populære Rustne Menn frå kl.12.
Det var Martha Bakke og Møyfrid Kristoffersen som styrte serveringa, og dei baud på kaffi, rundtykke med variert og godt pålegg og sjølvsagt litt søtt til.

Rustne Menn er meistrar i å få fart i allsongen. F.v.: Kristian Bringedal, Svein Rimestad og Tore Nordal Pedersen.

Rustne Menn starta allsongøkta med Eirik Bye sin “Gå til onkel” før dei fortsette med velkjende slagerar som eignar seg godt til allsong, mellom anna “Eg hadde ein gong ein båt”, Sputnik sin “Zansibar”, Halvdan Sivertsen si “Kjærlighetsvisa” og Salhuskvintetten sin toppslagar “Singel og sand”. Etter dette dreia dei repertoaret inn mot den føreståande julehøgtida med tre av våre vakraste julesongar. Bjørn Eidsvåg sin nydelege “I en natt” var først, deretter kom like vakre “Julekveldsvisa” før dei avslutta med ein av dei mest populære med engelsk tekst “Marys Boychild”. Det var ei flott samansett songstund. Rustne Menn er nokre meistrar å dra med publikum i allsong og få fram songgleda hos folk. Alle songane er å finna i songheftet deira “Syng med”.

Musikarane krydra songane med solistiske innslag. Her er det Kristian Bringedal som gir litt ekstra på “Zansibar” medan Møyfrid Kristoffersen, Martha Bakke og publikum nyt det!

Rustne Menn blir også med på koronakafèen om to veker. Det blir den siste koronakafèen som har komme i stand etter at Uskedal helselag blei tildelt 60.800 kr frå Dam-stiftinga til slike tiltak. Uskedal helselag har verkeleg forvalta desse midlane godt, og tiltaket har vore til glede for mange i den utfordrande koronatida. Rett nok måtte også denne kafèen ta stopp ein periode under nedstenginga.
Leiar Eli Roseth Eik i Uskedal helselag fortel at det blir koronakafè neste tirsdag også.
– Det vert riktig nok ei light-utgåve sidan vi skal ha adventsmiddag på Vertshuset Perla kl.15 den dagen. Den er også subsidiert av Dam-midlane, fortel Eli.
Tirsdag 14.desember er siste koronakafè, og då er også Rustne Menn til stades for å setja ein spiss på avslutninga. Etter nyttår er forhåpentlegvis Kafè Tiaren i godt, gammalt gjenge igjen.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.