God stemning og godt frammøte på Kafè Tiaren.
Kafèen er open kvar tysdag i heile sommar
Tysdag var det allsong på Kafè Tiaren, ein halvtime frå kl.12 slik det pleier å vera siste tysdagen i månaden. Det var Fire Rustne Menn som drog i gong og førte an i allsongstunda. Det starta med ein instrumental medley samansett av svingande, velkjende og populære svisker. Her var, som alltid, den dyktige 86 1/2 år gamle munnspelaren Hans D. Gertz sentral. Dette sette svært god stemning, og gjorde publikum og bandet klare for allsong.
Gruppa hadde sett saman eit særs godt allsongprogram der kjende songar kom som perler på ei snor. Det starta med Anna Lovinda, og etter den kom Jakob Sande sin Daniel Davidsson, Dansen på Sunnanø, Nordlandsnetter og Striladans av Johannes Kleppevik før dei avslutta med Einar Skjæråsen si Trubadurvise. Publikum song godt med på allsongane. Dei utvalde songane velkjende, og dei kler også gruppa godt. Såleis var stemningen særs god.
Frammøtet var godt på Kafè Tiaren denne tysdagen, og det blei tald til om lag 40 då allsongen starta kl. 12. Både nabobygdene og feriefolk var representert i tillegg til uskedelingar. Kafè Tiaren og allsongen tar ikkje ferie. Neste allsong blir siste tysdag i juli, 28. juli.
Kafè Tiaren er open kvar tysdag frå kl.11 til 14. Det er eit svært godt tilbod. Det er sosialt og kjekt for bygdafolk, og det er eit flott tilbod til dei mange som ferierer i Uskedalen. Det er også billeg, 10 kr for ein kaffikopp (5 kr for påfyll) og 20 kroner for gode rundstykke (smørbrød), kaker og vafler. Absolutt ein plass ein bør besøkja når ein er i Uskedalen!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Gunnlaug Eik