Har fiska fleire kilo første veka enn i heile fjorårssesongen.

Fiskesesongen i Uskedalselva i fjor var svært dårleg. Det nydelege sommarveret medverka til det. I år teiknar fisket langt betre, medan det til no er stikk motsett med veret! Allereie etter første fiskeveka er det registrert fleire kilo fisk som er landa enn i heile fjor. Det gjeld både laks og sjøaure. I heile fjorårssesongen blei det teke på land 192,3 kg laks (69 fiskar) og 37,3 kg sjøaure (26 fiskar). Etter oppstarten 1.juli er det til no i år registrert 198,5 kg laks (46 fiskar) og 40,2 kg sjøaure (21 fiskar). Hovudgrunnen til auken er altså ikkje at det er tatt fleire fiskar, men fiskane i år er betydeleg større. I fjor var gjennomsnittsvekta på laks 2,8 kg medan den i år er 4,3 kg. For sjøaure er tala 1,9 kg i år medan den var 1,4 kg i fjor.
Det er tatt fleire store fiskar. Jone Rørheim Kjærland har fått den største laksen på 8,2 kg på Haugland. Den tok han på makk. På bildet ser vi Klemmentina Zukovaite med ein flott sjøaure på 2,5 kg. Ho brukte wobbler og fekk fisken som var 63 cm på Myklebust.

Fleire resultat frå fisket finn de HER.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto frå eleveguiden.