Kvinnherad Vekstbedrift sitt nye vaskeri på Brekketoppen er i oppstartfasen med prøving og innkøyring av nytt utstyr. Offisiell oping vert om nokre veker. Likevel er det no kjend at verksemda har avtale med Kvinnherad kommune om vask av sengklede og tøy, mellom anna frå sjueheimane. Det er styreleiar, Bjarte Erstad, som fortel dette i orienteringa han hadde i formannsskapet måndag i denne veka. Uskedalen.no har ved fleire høve vore innom dei nyrenoverte og ombygde lokala, der det tidlegare har vore kolonialbutikk, postkontor og i mange år byggevarehandel. Det er lyse og trivelege lokale der alt er bygd og tilrettelagd ut frå dei miljøkrav ein set til denne type verksemd.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal