God sesongstart for Rabben Feriesenter.
Det har vore særs godt besøk ved Rabben Feriesenter etter at sesongen starta opp. Særleg har talet på bubil-turistar som vil besøka det flotte feriesenteret sentralt i Uskedalen, vore svært høgt denne sesongen. Fleire helgar har dei måtta seie nei til folk på grunn av at det har vore fullt. Slik også denne langhelga.
– Denne helga har eg måtta seie nei til mange, kan eigar av Rabben Feriesenter, Magne Heggøy, fortelja, og legg til at han er svært takksam for at han har fått tilgang til ekstra-areal på plenen i Uskedal båthamn. Der er det plass til 5 bubilar. Han kan fortelja om at det var 24 bubilar på sjølve Rabben Feriesenter siste nettene, – 20 opp på sjølve plassen og 4 nede mot elveosen.
Feriesenteret har også fått ei ny stor hytte til denne sesongen slik at dei no har 4 store og 4 mellomstore hytter. Det er folk i alle desse. I tillegg har dei også 10 små hytter. Magne Heggøy fortel at ein god del av dei besøkande blir til 17.mai, men det er også nokre som reiser att dagen før.
Rabben Feriesenter er under stadig oppgradering. Vi nemnde at dei i år har ei stor hytte i tillegg til dei som dei hadde i fjor. I fjor vart det bygt ein flott pergola i tilknytning til administrasjonsbygget, – ein herleg uteplass. Dessutan blei det bygt ein nydeleg strandpromenade i sjøkanten ytterst mot elveosen. Begge desse blei veldig populære. Gjestene er også særdeles tilfreds med oppgraderinga som har skjedd når det gjeld kjøkken og sanitæranlegg. Det er blitt skikkeleg fint. No arbeider Magne Heggøy med eit stort vaskerom som vil vera til stor glede for gjestene. I naborommet er han i gang å klargjere til verkstad. Det skjer noko nytt heile tida på Rabben Feriesenter.
-Vi får veldig mange gode tilbakemeldingar frå fornøgde gjester, og det er viktig for oss, seier den fingernemme, service-innstilte og driftige eigaren. Han er svært glad for at dei 4 flinke jentene som jobba på Rabben i fjor, er klare for ein ny sesong. Tre av dei er allereie godt i gong, og den fjerde er snart på plass. Då eg var nedom feriesenteret, var Emma M. Ripel i full sving med vask. Dei tre andre vertane er Helene Myklebust, Saima K. Lomheim Døssland og Selma O. Tarberg.
Ein tur nedom båthamna tyder også på at det er bra besøk av båtturistar. Dessutan tyder alle bilane i hamna på at det er godt med folk i hyttene på Skorpo denne langhelga.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.