Nokre dagar før fristen er ute er det påmeld om lag 50 tidlegare konfirmantar til jubileum 24. og 25. september. Namnelista tel totalt 110 namn og den eldse, Margit Lindeflaten Skorpen, høyrer til konfirmantkullet frå 1940. Det er ingen attlevande frå 1941, men etter det finn vi påmeldingar frå alle dei aktuelle gruppene fram til og med 1972. Utsending på e-post, melding og messanger har diverre ført til at nokre ikkje har motteke invitasjonen, før det er purra og sendt påminningar. No skal alle vera informerte.

Haugland skulemuseum er ein del av bygdevandringa, mellom anna for å sjå lærargalleriet.

Jubileet går over to dagar med samling på laurdagen kl. 15.00 og vidare gudsteneste og middag sundag. Bygdevandringa går med buss til ulike besøksmål i Uskedalen. Tema er bygdeutvikling, næring og kultur. Etter bussturen er det samling på Kafe Tiaren med lettare program. Dersom det høver, vert det synt foto av konfirmantkulla på storskjerm.

Sundag kl. 11.00 er det gudsteneste med sokneprest Kjetil Kringlebotten. Det er presentasjon av årets konfirmantar. Middag på Vertshuset Perla kl. 13.00.

Soknerådet ser fram til ei gild og innhaldsrik samling. Det er enno tid for påmelding til elireik@hotmail.com

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal