Det har vore godt besøk på kunstutstillinga til Gaute Haugland i Galleri L i Strandgaten i Bergen. Utstillinga stod frå torsdag kl.17 då det var opning, og fram til stengetid søndag. Uskedalen.no besøkte utstillinga laurdag middag, og kunstnaren var godt fornøgd med at så mange hadde vist så stor interesse for lampekunstverka han stilte. Han syntes også at det var kjekt at så mange kvinnheringar hadde besøkt utstillinga. Lokalavisa Grenda var til stades og dekka opninga torsdag.
Det var aldeles imponerande å sjå dei flotte lampane som varierte mykje i form. Her låg mange, mange timar med nøyaktig, nitidig, tolmodig og kreativt arbeid bak. Gaute lagar absolutt alt på lampane. Det er berre utstyret til den elektriske installasjonen han kjøper inn, men den er også valt ut for å passa kvar einskild lampe. Til utstillinga hadde han med seg vel 20 forskjellige lampar. Og det heile starta med at han begynte med å laga lampe til eige bruk då han ikkje fann lampe han likte!!

Gjester frå Uskedalen og med Uskedalstilknytning saman med kunstnaren.
Beundrande gjester, Vegard Døssland og Knut Gilberto Sæbø.
Vakkert!!!
Nydeleg og kreativt!!
Nyyyt!!

I vårt følgje var begeistringa stor for det dei fekk sjå. Sjølv han som på førehand gav uttrykk for at han var usikker på om han ville bruka tid på utstillinga, karakteriserte den som fantastisk, og det var ikkje lett å få han med ut frå Galleri L. I Galleri L finn vi eksklusive lampar, og i tillegg til Gaute sine kunstverk var det lampar frå Danmark der no.

Gaute Haugland er ein særdeles gåverik og kreativ kunstnar som har laga mykje flotte kunstverk i tillegg til lampane. Han er ein mangsidig kunstnar. Han arbeider i forskjellige teknikkar og materialar. Vi håpar at han også kan ha ei utstilling her lokalt snart.

Beundraren!!!
Her må det studerast skikkeleg!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland