God innsats i triatlon i Italia.
Knut G. Sæbø i sumde, sykla og sprang i konkurranse med 2300 frå 60 land.
“Eg er veldig fornøgd med innsatsen både i symjing, sykling og løping”, seier uskedelingen Knut Gilberto Sæbø etter å ha delteke i triatlon i Jesolo ved Venezia sist helg. Derimot ser han at han har eit stort forbetringspotensiale i tidsbruken i skifte av utstyr mellom dei tre disiplinane.
Triatlon består av 1,9 km symjing, 90 km sykling og til slutt 21,1 km (halvmaraton) løping. Knut Gilberto er relativt fersk som triatlon-utøvar, men har etter kvart opparbeidd seg mykje erfaring frå gode prestasjonar i andre uthaldsidrettar som maratonløp og fjelløp. Uskedelingen konkurrerer for “Idrett uten alkohol”. Bildet over viser Knut G. Sæbø like etter start.
Løpet i Jesolo er ein del av ein festival, og Knut Gilberto var på plass tre dagar før løpet for å gjera seg kjent med forholda og førebu seg. Til saman var det 2300 deltakarar frå 60 ulike nasjonar, og han møtte på om lag 10 norske deltakarar.

Han fortel at han stilte seg litt bak i starten då han rekna symjing som sin dårlegaste disiplin, men det trong han ikkje ha gjort. “Det var unødvendig forsiktig. Eg overraska meg sjølv. Eg ante ikkje at eg kunne halda såpass tempo og sumde faktisk om lag 10 minutt raskare enn eg hadde stipulert. Dette gav ein skikkeleg motivasjonsboost for resten av løpet. Overgangen til sykling gjekk derimot tregare. Eg knota med våtdrakta og brukte for lang tid, over 6 minutt. Syklinga var og veldig kjekk på ein innleigd temposykkel,” fortel Knut Gilbert om dei to første etappane.
Han fortel vidare at han var spent på den avsluttande løpinga. Han hadde vore plaga med smerter i akillesane, og var usikker på om han ville klara fullføra.

“Eg kjende litt smerter i starten, men med rett fokus og teknikk gjekk det seg til, og eg klarte halda jamn fart, og er såleis svært godt fornøgd med denne delen av løpet og,” skildrar han gjennomføringa.
Det er ein svært så fornøgd uskedeling vi snakka med på telefon etter løpet. Men med tanke på akkillesskaden, kunne eg ikkje anna enn å stilla spørsmål ved oppladinga då han sprang Bergen City Marathon helga før.
“Eg hadde i grunnen berre tenkt å springa ein roleg halvmaraton, men det var så gøy at eg tok ein runde til. Men eg tok det veldig roleg, altså,” svarar han.
Knut Gilbert Sæbø gjennomførte på 5.18.10, og det resulterte i ein fin 167. plass i klassen. Han seier at han lærte mykje av kraftprøven, ikkje minst om bruk av næringsstasjonar, inntak av passe mengde drikke og næring.
Han nemner og ulike ting som kunne føra til tidsstraff, m.a. viss dei var uheldige og miste eit papir eller annan embalasje.
Det er tydeleg at løpet gav meirsmak og motivasjon, og at det var ei stor oppleving.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Foto: Privat