Glimrande prestasjon av Honk Horns!
Ensemblet Honk Horns med 6 medlemmer frå Uskedalen, Husnes og Rosendal gjorde ein knallsterk innsats i Hordablæsten som blei arrangert i Grieghallen no i helga. Dei fekk ein flott 4. plass i konkurranse med 18 grupper i klassen 16 år og yngre. Prestasjonen blir endå sterkare når vi veit alderen til medlemmene i sekstetten. Ingen er 16 år, og dei to yngste er 12 år. Dette understrekar talentet i gruppa. Ola (15, tuba) og Anna Hermann Fossli (12, kornett) er uskedelingane i gruppa. Dei fire andre er Avrora Zimina, Artur Zimin, Theodor John Børretzen og Sigrid Lunestad Opland. Det ventar nye store anledningar for dei dyktige musikarane. Om knappe 14 dagar skal dei representera Kvinnherad i fylkesfinalen i UKM i i Førde. Vi både gratulerer og ønskjer lukke til.
Rosendal skulekorps/Uskedal skulemusikk, dirigert av Nick Hughes, deltok også i stormønstringa Hordablæsten. Dei fekk ein heiderleg 7. plass i 3. divisjon.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland