Dersom du skal på Jul i Rosendal i morgon, laurdag 25. nov., vil du møta fleire verksemder frå Uskedalen med eigne salsboder. Så langt vi kjenner til, er standane frå Uskedalen dei same som i fjor. Hjønnevåg går ut med gode messetilbod på lutefisk og på andre fiskeprodukt. For ein hundrelapp kan du sikra deg 2 pk. med lutefisk. Det er ca. 1 kg i kvar pakke. Uskedal Historielag vil i samarbeid med Rosendal Bokhandel signera og selja årbok 2 – Uskedalen. Den nære fortida. Friheim Gardsmat er fast gjest på Jul i Rosendal. Dei har alltid god omstnad. Meir frå julemessa kjem i morgon. Sjå oversikten under.

I samarbeid med Rosendal Bokhandel signerer og sel Uskedal historielag Uskedalen – den nære fortida. Årbok 2.
  • Hjønnevåg
  • Friheim Gardsmat
  • Eik Gard
  • Kjellaug Hella Myklebust
  • Inger Naterstad
  • Kjell Musland
  • Uskedal Historielag ( i samarbeid med Rosendal Bokhandel )
Friheim Gardsmat plar ha god omsetnad på julemessa i Rosendal..
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hjønnevåg/ Arkivfoto