På ferietur til Bryne og Jæren tikka det inn ei melding: Du er invitert til å vera med på gudsteneste i Sandnes kirke, sundag 6. juli kl. 11. Vi takka ja og la om på turprogrammet for dagen. Det vart eit gildt møte med den tidlegare soknepresten i Uskedalen, Lina Håland, no sokneprest i Sandnes menighet, i ei kyrkja i tegl frå 1882. Gudstenesta på 6. sundag i trieiningstida var i samarbeid med Metodistkyrkja i Sandnes. Preiketeksten er henta frå Lukas og handlar om Peter sin fiskefangst.

To sentrale personar i Sandnes kirke, organist Bjarte Lending og sokneprest Lina Håland.

Organist i dag var Bjarte Lending, kjend også som musikalsk leiar for gospelkoret Abraham. Bjarte med koret sitt og Lina Håland har ved fleire høve vore i Uskedalen og i Kvinnherad.

I samtale med Lina Håland kom det fram at ho har mange gode kontaktar og vener i Kvinnherad. Ho kom seg ikkje på Festidalen i år, men det må ein finna ei anna løysing på til neste år. Lina er sokneprest med alt det inneber med gudstenester, brullup, konfirmasjon, dåp og gravferd. I tillegg er ho fast innom fleire institusjoner i si presteteneste.

Gudstenesta i dag samla bra med folk, både frå kyrkjelyden i Metodistkyrkja og frå Den norske Kyrkja.

I september kjem Margun og Lina Håland til Uskedalen på temakveld i kyrkja. Datoen er 28. september og tema er: Misjon og barnearbeid Umred i India. Meir informasjon kjem i eige innlegg seinare.

Teskt/foto/nett: Kristian Bringedal