Johannes Berge frå Mandal er bror til Lina Marie Haugland. Ho bur på Haugland i Uskedalen. Johannes har vore i Uskedalen nokre dagar. Han har lenge hatt ein plan om å gå på dei sju fjella rundt Uskedalen. Fredag i denne veka let det seg gjera. Han starta kl. 05.00 på Eik og slutta turen kl. 15.00 nede ved skogsvegen på Kjærland. Då hadde han vore på Manen, Englafjell, Høgeteen, Geitedalstind, Gråfjell, Tverrfjell og Solfjell. Då hadde han brukt 10 timar og 17 sekundar. Johannes Berge er ein som likar å gå lange turar i fjella. Denne turen har han tenkt lenge på. No er sju-fjellsturen i Uskedalen gjennomført.





Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat