Uskedalselva Forvaltning SA er løyvd kr. 14.185,- frå det lokal fiskefondet i kampen mot planten parkslirekne. Tanken er å bruka geiter for å ta knekken på den røyrforma planten som spreier seg kraftig for kvart år. Bilete over syner parkslirekne i Stølavikjo for eit år sidan. I år er planten dobbel så stor og dekkar ei langt større flate enn i fjor. På elvekanten er parkslirekne ei plage, ikkje minst for framkomsten til fiskarane.

Leiar i Uskedalselva Forvaltning, Trond Lekva Myklebust, fortalde alt i fjor om synfaringa med miljøvernavdelinga i fylket og kva tiltak som vart vurdert for å bekjempa planten. No er det sagt at ein vil prøva med beitande geiter, som eit forsøk i det som til no har vore ein tapt kamp. Det er mykje parkslirekne på elvekanten ved Dønhaughølen og langs elva på Døssland.

Parkslirekne fortrengjer all anna naturleg vetetasjon. Erosjonsfaren aukar på elvekanten der planten står.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal