Dagleg leiar i Sparebank 1- stiftinga, Bente L. Nilsen, melder at dei har sett seg nøydd til å utsetja arrangementet med gåveutdelingar som var planlagt i Kulturhuset Husnes førskommande tirsdag, 23.november. Dei følgjer dermed rådet frå kommuneoverlege Glenn Andrè Opland om å utsetja arrangement som samlar mykje folk på kryss og tvers av bygdene, på grunn av koronasituasjonen.
Bente L. Nilsen seier til uskedalen.no at dei hadde gledd seg til arrangementet, men ut frå situasjonen hadde dei ikkje anna val enn å utsetja det. På arkivbildet over ser vi Egil Myhre ta mot gåve på vegne av Uskedal Utvikling i november 2019. Det var siste gongen dei kunne ha vanleg gåveutdeling i kulturhuset.
Sparebankstiftinga har sendt ut følgjande melding på facebook no i ettermiddag:

“Hei alle!
No har vi gleda oss skikkeleg til å byrja med utdeling av gåvene, både på Stord, i Odda og i Kvinnherad. Men slik situasjonen er her i kommunen, så har vi bestemt at vi må avlyse arrangementa. Dette er ikkje ei kjekk beslutning å ta, men vi har full respekt for oppmodinga kommuneoverlegen kjem med om å ikkje samlast på tvers av bygdene. Stiftinga kjem attende med meir informasjon om gåveutdeling.”

Tekst: Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad/Thor Inge Døssland.
Arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.