Gåveutdeling frå Kvinnheradstiftinga komande måndag kl. 18.00 i Kulturhuset Husnes.
Kvinnheradstiftinga inviterer til gåveutdeling komande måndag i Kulturhuset Husnes. Kvar gåvemottakar kan møta med inntil to personar. Det vert som vanleg lagt vekt på ei fin ramme rundt utdelinga med fest og god informasjon. Så langt uskedalen.no kjenner til er det frammøte frå fleire lag og organisasjonar i Uskedalen.
Dagleg leiar, Bente Lie Nilsen, har skrive under invitasjonen. Ho har vore dagleg leiar dei siste fem åra og har no vald å la andre sleppa til. Stillinga er lyst ut og det vert tilsett ny leiar med verknad frå hausten.
Meir om utlysinga kjem i eige innlegg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto