Av totalt 61 tildelingar gjekk åtte til gode prosjekt og tiltak i Uskedalen. Ramma for gåvetildelinga våren 2022 var på 10,124 mill. kroner. Det har sidan starten i 2011 vore delt ut 138 mill. kr til 1260 prosjekt. Til vårens tildelingsrunde kom det inn 176 søknader. Av desse fekk 61 gåver, i tilegg kjem 19 tildelingar i Odda og på Stord. På lista under finn du tildelingane til Uskedalen med namn på lag/organisasjon, gåve og namn på prosjektet. Bilete syner dei fleste frå Uskedalen samla, saman med styremedlem Magnhild Haugland og styreleiar Svein Arne Eidsvik.

Emil Solli Stafsnes og Martha Varanes tok mot gåve til Buldreloftet i Gameskulen.

  • Uskedal Ungdomslag: kr. 20.000,- til oppgradering av lagshytta Fjelly
  • Uskedal Ungdomslag: kr. 10.000,- til innkjøp av PC
  • Uskedal ungdomslag: kr. 15.000,- til innkjøp av verkty til Helgheim
  • Uskedal Ungdomslag: kr. 25.000,- til oppgradering av naust ved Fjelly
  • Uskedal Idrettslag: kr. 100.000,- til Trear banar
  • Uskedal Idrettslag: kr. 55.000,- til tiltaket: Det skal ikkje stå på utstyret
  • Uskedal Idrettslag ( Klatregruppe ): kr. 50.000,- til Ferdigstilling av Buldreloftet
  • Uskedal Friluftslag: kr. 200.000,- til Turveg i Skårhaug – byggesteg 2

I tillegg må vi ta med gåver til prosjekt der Uskedalen er aktivt med. Dette gjeld mellom anna:

  • Postkassetrimmen i heile Kvinnherad: kr. 100.000,-
  • Veteranbusslaget HSD bilane: kr. 50.000,-
  • Kvinnherad Senioruniversitet: kr. 18.000,-

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal