Gardsbutikken på Josnes er lokalisert i det rehabiliterte stabburet på garden Josnes. Her gler vi oss til å ta i mot dei som synes det er spennande og kjekt med gardsbutikk. Vi er lokalisert midt mellom Uskedalen og Omvikdalen, og er lett å finne frå hovudvegen. Vareutvalet er i starten knytt til det vi produserer sjølve på garden, som kjøt, skinn,
frukt/grønsaker. Varene er sesongbaserte og produsert med omtanke for både planter, dyr og miljø.

Interiørbilete frå den nye gardsbutikken på Josnes.


Når vi opnar, har vi kjøt frå den irske storferasen Dexter for sal. Vi er sjølve godt nøgde med kjøtkvaliteten. Det er låg feittprosent, godt marmorert og eit møyrt og saftig kjøt. Dette er kjøt som ein vanlegvis ikkje får utan om direkte frå produsent. Fatland i Ølen slaktar og pakkar for oss, og vi har ammekuproduksjon der kalvane går med mora og dier til dei vert naturleg avvende. Elles så er det grasforing inne og lange beiteperiodar ute.

Kortreist og økologisk mat er ein viktig del av gardsbutikkdrifta.


Vi legg vekt på å følgje årssyklus når det gjeld kva varer vi har, og ha jamne utskifte av varer i høve årstid og aktualitet. Vi legg og opp til at det skal vere mogleg å bestille varer for neste sesong, for dei som likar å planleggje i god tid. Det gjer og produksjonen vår enklare. Vi tek og inn varer frå andre som produserer lokalt og i småskala, og byggjer gardsutsalet gradvis.

Opningstidene vil vere måndag ettermiddag og torsdag ettermiddag (15-18), samt laurdag føremiddag (10-14). Det kan vere lurt å følgje Stabburet. Gardsbutikken på Josnes på sosiale medier. Der vil vi leggje ut informasjon om kva varer som er inne til ei kvar tid. I tillegg vil det vere skilting ved
vegen.


Kvar måndag i vanleg kontortid (08-15) er det logopedkontor i lokala, og kvar torsdag kveld er det høve til å delta på Oriflame workshops. Det vil elles i opningstida også vere høve til å sjå, prøve, handle og bestille gode hudpleie og velværeprodukt frå Oriflame.


Kontaktperson: Elin Legland mobil: 40468000 epost: elin.legland@knett.no

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal