Ein garasje med historikk frå tidleg 1940 talet vert som ny. Elite Snekkerservice står for oppussinga. Marita Eik er dagens eigar. Garasjen er interessann, særleg av to grunnar. Det var her lastebilane til Arne Eik var lagra. Sonen hans, Asbjørn Eik ( Brulsen ) hadde i mange år ein sjeldan veteranbil med treramme ståande her. Bilen vart seinare flytta til Vats der Brulsen budde den siste tida.

Garasjen frå krigens dagar vert teken vare på.

Nils BjarneEik fortel til uskedalen.no at Arne Eik bygde garasjen kring 1940. Grunneigar var Ole Eik, seinare far til Nils, Oskar Eik. Med ei lengde på 6 meter var det akkurat plass til den fyrste lastebilen til Arne, ein Chervolet. Den nye lastebilen hans, ein Bedford 1957 modell, var to meter lengre. Garasjen vart ikkje utvida. Difor stakk lastekarmen ut to meter. Mange hugsar godt denne bilen frå arbeid på vegen og med transport av varer av ulike slag. Nils Bjarne brukte bilen då han bygde nytt hus på 1970 talet.

No er garasjen restaurert med ny bordkledning og nytt tak. Noko gamalt reisverk vert framleis brukt. Alt nytt er oksa på plassen. For dei som lurer på plasseringa, er slik at den vegen til Eik gjekk framom garasjen og svinga rundt ved det gamle eiketreet. Traseen vart lagt om då den nye Eikevegen kom.

Ferdig renovert garasje.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Rune Enæs - Elite Snekkerservice