TECA med hovudkontor på Stord og avdeling i Kvinnherad er i Uskedalen i dag og har tilsyn med kommunale og fylkeskommunale veglys. TECA har driftsavtale med kommunen og fylkeskommunen om ettersyn og oppdatering. Før var det BKK som gjorde denne jobben. Tilsynet går ut på å sjå til at alle veglysa fungerer. Ved Leite på Kjærlandssido skal dei til dømes opp i stolpen å slå inn ei fotocelle, noko som resulterer i at alle veglysa frå Uskedal Bru til Dønhaug Gardsbarnehage skal vera inne. Arbeidet vert gjort anten som rutinekontroll eller ved feilmeldingar frå dei som bur i område.

Her må ein opp i stolpen med klatresko, då ein ikkje har lift på bilen.
Tekst/oto/nett: Kristian Bringedal