"Gamlemor og husfrua"
Velkomne til Vonheim – oppe i Uskedalen,
søndag 6.september 2026, kl 18.00
Første søndagen i september, kan det vere lurt å ta ein tur til Vonheim.
Då får vi besøk av Maria Malmsten og Tutta Laukholm. Dei vil vise oss framsyninga “Gamlemor og husfrua” – kvinna sin kvardag frå tidleg morgon til sein kveld, formidla i ord og tonar.

Både Maria og Tutta har ein solid bakgrunn i høve utdanningar- og erfaringar med mellom anna oppsetjing av ulike spel i ord og tonar.
Tutta er frå Reppa i Bindalen i Nordland, og ho arbeidde i mange år ved Sunnhordland Museum.
Maria – som mange av oss kjenner godt, er frå Jämtland i Sverige, og har sidan 1991 jobba som songpedadog, dramalærar og dirigent.
Framsyninga dei vil vise oss, inneheld historier og segn, nordiske dikt, lokale og nordiske folketonar, og songar komponert av Maria Malmsten.
Alt sett sett saman og formidla med varme, vemod og glede av Tutta og Maria.
——
Vi har søkt Sparebankstiftinga, og vore så heldige å fått støtte til denne kvelden. Så då blir det gratis inngong.
Etter framsyninga servere vi kaffi og kaker i den nyopp-pussa, koselege matsalen i Vonheim.

Velkomne alle- store og små, til ei spennande kveldsstund i Vonheim !
Helsing Styret for Vonheim
Foto: Maria Malmsten og Møyfrid Kristoffersen
Nett: Møyfrid Kristoffersen