Det er meldt inn færre cruiseskip til Rosendal denne sesongen. LIkevel ser vi ofte at turistskip legg turen gjennom Storsund. På ein og same dag kom både MS LOFOTEN og MS TROLLFJORD framom.

MS TROLLFJORD i Storsund.
  • Tidlegare hurtigrute MS LOFOTEN, bygd 1963 for Vesteraalens Dampskipsseslkap, er no drifta av Sørlandets maritime vidaregåande skule. Skipet er ombygd fleire gonger, men har mykje av det originale interiøret. LOFOTEN hadde denne gongen vore i Eidfjord og var på veg tilbake til Kristiansand der skipet har si heimehamn.
  • MS TROLLFJORD, bygd 2002, gjekk fast i hurtigruta fram til 2020. No er skipet reserveskip og vert elles brukt i cruisetrafikken med turar på Norskekysten og på Svalbard.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal