Fyrst sjølveigande bonde – så giftarmål. Det var lovnaden og det store ynskje til Lisbeth Nilsen Stensletten og Roy Døssland. På laurdag vart dei så vigde til rette ektefolk av varaorføraren Leif Sverre Enæs. Plassen var Revhaug i utmarka til bruk nr. 9 på Myklebust. For nøyaktig tre år sidan fekk dei kjøpt gardsbruket der dei i dag bur og driv med sau og hest i tillegg til å vera i anna arbeid. I det fine veret var ramma den beste, i storslagen natur og berre eit steinkast frå fornminne, ein gravhaug frå eldre jarnalder. Eldre jarnalder er tida fram mot 600 etter Kristi føddsel. 56 gjester var med på høgtida. Seinare på kvelden kom det 30 gjester til i brudlaupsgarden på Dønhaug Gjestegard.

Vakkert brudepart i ei ramme av storslagen natur og kultur. Legg merke til vesten Roy har til bunaden sin.

Det var gjester frå mange kantar av landet. Den som hadde lengst reiseveg, kom frå Australia. Det var tanta til Lisbeth. Brudgommen hadde nylaga vest til bunaden sin, brodert og sydd av mor hans, Gudrun. I forkant har ho vore i tekstilavdelinga på Salhus og studert den spesifikke brudgomsvesten frå Kvinnherad. Gudrun fann denne vesten i Omvikdalen Bygdekvinnelag si bunadsbok og arbeidde vidare ut frå det. Vesten er omtalt i boka på s. 118. Resultatet vart framifrå noko mange merka seg og kommenterte. Hovudretten var sjølvsagt hjort, slik det høver seg i hjortebygda Uskedalen.

Kjømeister var Bjarte Døssland ( bror til brudgommen ). Kokk: Hanne Bakke Berntsen.

Det er laga inngangsport med gamle dørar frå sveitsstilhuset på Myklebust. Hesten er sjølvsagt med. I bakgrunnen er gravhaugen frå eldre jarnalder.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat