Arbeidet med fundament for montering av master for ballnett mellom fotballbanen og rulleparken og den komande ballbingen starta i denne veka. Musland Maskin er entreprenør. I dag kom det betong frå Odda, levert av R. Myklebust transport. Steinar Haugland og Per Korsvold var med på jobben.

åPer Korsvold, Steinar Haugland og sjåfør frå R. Myklebust transport.

Per Korsvold fortel at det er snakk om 7 master, 5 meter høge. Ballnettet har ei lengde på 30 meter. Ballnettet har små masker i nedre del, høgde på 2,5 meter med små masker, ca 4,5 cm. Dette er gjort for å hindra klatring i nettet. Over denne høgda er det større masker, ca 10 cm, slik at det ikkje er stort vindfang.

Når ballnettet er på plass, er neste tiltak ballbinge for dei minste borna.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal