Det var stuande fullt i Gamleskulen då Kafè Tiaren inviterte til allsong med Kristian Bringedal og Musikklagsgjengen tirsdag. Korpset omdøypt til KB og POP-bandet for anledningen sidan alt dei framførte var arrangert spesielt for bandet av POP`en (Per Olav Paulsen).
Innimellom allsongen kom “rosina i pølsa” då trommis Sindre Aksnes introduserte eit nytt instrument for publikum.

Det var fullt i salen alt før songstunda starta.

Med Kristian Bringedal som forsongar kom gode allsongar som perler på ei snor, og songen runga verkeleg i det gamle skulebygget. Bandet hadde valt eit repertoar som var spesielt tilpassa sommaren, og det hjelpte! Medan songstunda føregjekk, kika sola fram etter ein grå start på dagen, og publikum kunne verkeleg fortsetja å syngja på “Jag tror på sommaren” og dei andre songane utover dagen. Det vart ein fin sommardag.

Sindre Aksnes fortel om instrumentet og den kjekke studieturen.

Innimellom allsongen var det eit heilt spesielt nummer. Trommis Sindre Aksnes er eit multitalent innan musikk og kunst. Denne gongen presenterte han noko som var heilt nytt for publikum. Han spela irsk folkemusikk på det vesle “trekkspelet” Konsertina.
Konsertina er eit lite musikkinstrument i rom av eit sekskanta, kromatisk trekkspel med knappar på begge endane. Det er eit gammalt instrument og blir mellom anna brukt i irsk folkemusikk. Sindre fortalde at han nyleg hadde vore på tur i Irland, og då var irsk musikk og studie av den ein viktig del av programmet. Nok ein gong imponerte Sindre, og publikum applauderte deretter!

Sindre skapte nærmast irsk pubstemning då han spela irsk musikk på Konsertina.

Det vart ein særs vellukka dag på Tiaren. Folk kosa seg storleg. Dessverre har eg fått høyre at det var nokre som snudde i døra då det var fullsett i den gamle skulen.
Dagen blei også krydra med gode rundstykke, kaker, vafler, kaffi, saft og mykje god prat. Kafè Tiaren er ein særs kjekk møteplass som er open kvar tirsdag mellom 11 og 14. Den blir driven på dugnad, og siste tirsdagen i kvar månad er det koselege allsongstunder. Neste gong, 25. august, er det Fire Rustne Menn som spelar til allsongen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Leif Ottar Tveito, Liv Sæbø Eik, Randi T. Døssland og Leif Arne Døssland.