Alt 17. juli skreiv uskedalen.no om Framstegspartiet sin bilhengar som stod parkert på vegskuldera på Brekketoppen. Bilhengaren var ein del av valkampen fram mot Kommunevalet 2023. No er hengaren fjerna. Det er så langt vi kjenner til etter pålegg frå Fylkeskommunen. Det er klare føringar for installasjonar med reklame langs traffikert veg. Målet med hengaren var å vera ei synleg profilering av FrP sin politikk med bilete av dei mest sentrale listekandidatane. Den flyttbare hengaren skal brukast i valkampen fram til valdagen 11. september. Vi kjenner ikkje til kor bilhengaren er parkert etter flyttinga frå Brekktoppen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Kvinnheringen