Frode Ludvigsen - ny leiar i Uskedal Båtlag.
Frode Ludvigsen er ny leiar i Uskedal Båtlag. Med seg i styret har han: Edle Lomheim, Egil Myhre, Kjetil Myklebust og Jostein Hauso. Varamedlemer: Sigurd Myklebust og Leif Jarle Bergstø. Det var godt frammøte til årsmøte som var torsdag i denne veka. Årsmeldinga fortel om eit aktivt år. Det er utført eit omfattande vedlikehald av hamna til ca kr 600 000,-. Båthamna er ei populær gjestehamn. Styret mottek gode tilbakemeldingar og anlegget presenterer seg positivt for bygda. Økonomien i Uskedal Båtlag er god, og miljøet er positiv og aktivt. Bilete på topp syner f.v: Frode Ludvigsen ( ny leiar ) og Hans Gustav Mussland. Mussland har vore leiar sidan 2015. Sjå meir om valet under:
- Frode Ludvigsen: Leiar – vald for eit år. Erstattar Hans Gustav Mussland
- Edle Lomheim : Kasserar – ikkje på val
- Egil Myhre : Styremedlem – vald for to år. Erstattar Jan Henrik Hansen
- Kjetil Myklebust: Styremedlem – vald for to år. Erstattar Leif Jarle Bergstø
- Jostein Hauso: Styremedlem – ikkje på val
- Sigurd Myklebust: Varamedlem
- Leif Jarle Bergstø: Varamedlem
- Valnemnd: Hans Gustav Musland og Jan Henrik Hansen
Tekst/foto: Styret Nett: Kristian Bringedal