Festidalen kan syna til frivillige frå magne land, mellom anna frå Polen, Estland og Tyskland. Det er likevel Ukraina som toppar lista. På frivilligsamlinga onsdag kveld møtte seks av kvinnene på bildet fram til informasjon og innføring i arbeidsoppgåvene. I tillegg var det fleire andre. Tilsaman vert det såleis i alle fall 9 frivillige med ukrainsk nasjonalitet. To av dei var frivillige i fjor også. Nokre av dei skal vera frivillig på TysnesFest om to veker. Dei fleste jobbar i mat- og bargruppa, men nokre har også andre oppgåver. Ukrainarane er elevar på Vaksenopplæringa og dei snakkar rimeleg godt norsk. Å vera frivillig på ein festival er sosialt og positivt for norskinnlæringa.

Seks frivillige med ukrainsk nasjonalitet er klar for Festidalen.
Seks frivillige med ukrainsk nasjonalitet er klar for jobbing på Festidaeln.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland