Uskedalen har to bogeskytarar som hevdar seg med topplasseringar. Den eine av dei, Håkon G. Tarberg, vert med på friluftskonserten tysdag kl. 18.00. Den andre, Terje Bakke, er på reise og har ikkje høve til å vera med. Saman med Håkon stiller Atle Helland.

Den unge skyttaren, Håkon Guddal Tarberg, har drive med bogeskyting i tre år. Han har nyleg vore med på NM og fekk gull i sin klasse. Det ligg mykje trening bak denne prestasjonen. Det vet ein del reising, mellom anna på stemne i Begensområde.

Friluftslaget vonar mange vil koma til Stemneplassen for å sjå og få meir innsyn i sporten.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Atle Helland